Sollid-Norsk

Velkommen!

Velkommen til oss.

Sollid er en flott plass i naturskjønne omgivelser i Snipsøyrdalen på Hareid

Her kan ein overnatte, kvile, ete og ha det hyggelig enten det er på ferie, midlertidig opphald for arbeid eller for eit selskap med venner og familie. Sollid er svært godt egna til brullaup, barnedåp, konfirmasjon eller for å feire ein rund dag.

På Sollid kan du leige ei eller fleire hytter for overnatting. Du kan også leige hovedhuset med eller utan soverom for selskap, kurs eller konferanser. 

Etter avtale ordnar og leverer vi også mat til diverse arrangement for våre gjestar.

Området

Sollid er ein flott stad innerst ved Snipsøyrvatnet i Hareid Kommune berre nokre kilometer frå Ulsteinvik og ein kort båttur frå Ålesund.

Hareid Kommune har ca 5.000 innbyggjarar og  dekkjer ca 82,5 km2

Området er rikt på natur for turgåing, sykling og fisking.

Hareid og Sollid er også nær den rike industrien og skipsverfta i for eksempel Ulsteinvik.

Som din vert vil vi gjerne høyre kva vi kan gjere for at ditt opphald skal verte optimalt.

I tillegg til denne lokasjonen har vi diverse innreidde og oppreidde leiligheter i eller nær Hareid sentrum. 

Vår Meny

På Sollid har vi ingen fast meny, men kan på forespørsel koke og bake tradisjonsrik mat etter ditt ønske basert på lokale og tradisjonsrike oppskrifter.

Enten ein er sjølvstendig næringsdrivande på reise eller prosjektleiar for arbeidarar på eit skipsverft er det viktig å trivast og ha det godt også når ein er borte heimanifrå.


Kven du eller dine arbeidarer enn måtte vere ønsker vi på Sollid at eit midlertidig opphald hos oss skal vere komfortabelt, praktisk og tidsbesparande. 


Våre fasilitetar har alle TV, internett, er møblert og har alle nødvendige koppar og kar for sjølv å kunne koke.

Vi leverar ferdig oppreidde sengar og handdukar til dei som bor hos oss.

Skulle du eller dokke ha spesielle ønsker utover det vi leverer standard høyrer vi dette gjerne i frå dokke. 


Alle våre overnattingsfasilitetar har kokemuligheit, vaskerom og sanitærrom. Vi har hytter for 2-4 personar, leiligheter med opp til 6 soverom og eit stort forsamlingshus med diverse overnattingsmuligheiter. Vi har også eit hus med 11 soverom.


For overnatting for større grupper er kost og økonomi viktig. Vi ønsker å vere ein stabil partner som gir verdi for pengane. Vi tek oss også av reinhald og diverse anna for å gjere det enklast mogleg for deg og dine ansatte som bor hos oss.












Ta kontakt for meire info.

Langtidsleige

Kontakt oss for booking og prisinfo